Linnea og Per Øyvind (diakonimedarbeidar) frå kyrkja intervjua personane, som i dag bur i Kvikne, om kva dei hugsa frå krigen og då freden kom til landet i 1945. Dei vart intervjua om kva tanker dei hadde då krigen kom til Noreg. Dei så mørkt på det, sjølv om dei følte seg langt borte og avsides frå byane i Noreg, kunne dei fortelje.
Då krigen kom vart det forbode å høyre radio i Norge. Med radio kunne ein få inn radiosignal frå London, som var strengt forbode. Men desse sendingene var viktige haldepunkt for frigjeringskampen. Då tyskarane okkuperte Noreg, tok dei kontrollen over NRK og brukte radioen som sin fremste propagandakanal. Solveig Aasen fortalte om det å ha radio under krigen. Tanta hennar satt på toget frå Lillehammer til Sør-Fron, med radio som ho fekk med seg heim. Solveig hugsa dei strenge forboda mot å ha radio under krigen. I dag er Solveig svert stolt over at ho som 7- åring ikkje fortalte nokon at dei hadde radio under krigen. Ho fortalde og om koda språk på radio som for henne ikkje gav meinig. Men ho gjorde seg nokre tankar om kva dette betydde. Eksempel på ei slik kode var «kua har fått kalv»
Hun kunne òg fortelje om restriksjonar for kor mange gardsdyr dei hadde lov å ha, og ikkje ha, og korleis hennar familie skjulte overtalige dyr. Dei skjulte kyr ved å dekke dei til med høy på låven. Dei var redde for at tyskarane skulle oppdage dei. Om kva slags konsekvensar dette kunne føre til kan vi berre tenkje oss til.
Våren 1945 kom kunngjeringa over radio om at det var fred i Noreg. Då vart det lovlig å høyre på radio igjen.

